Kronikk

Forlate me Vestlandet?

Foto: Daniel DeNiazi / Sveiobladet.net

Kronikk av Birgt Ottar Valen, Samfunnsdebattant

11.september skal røysteføre Sveibuar og alle andre nordmenn og kvinner som ikkje har førehandsrøysta, gå til valurnene og røysta på eit nytt Storting. For me som bur i Sveio, så vil utfallet av dette valet vera heilt avgjerande for kva som vil skje med Sveio som eigen kommune i framtida.

Vinn dei borgerlege valet, så vil dei blåblå leggja inn eit høgare gir i racet mot samanslåing (les nedlegging) av mange fleire kommunar. Framståande blå rikspolitikarar har tatt ordet frå munnen og sagt klar ifrå at dei på langt nær er ferdige med kommunereformen. Terje Søviknes frå FrP nemnar Sunnhordlandskommunane spesielt, og uttalar at han ikkje er ferdig med reformene nere i Sunnhordland.

VALG: På kommunehuset i Sveio kan du forhåndsstemme. Foto: Daniel DeNiazi / Sveiobladet.net

Stortingsvalet 2017 har mykje større fylgje for Sveio og Sveibuen enn utfallet av eit «normalt» Stortingsval. Det handlar om sveibuen også i fortsetjinga skal ha eigarskap og sjølvråderett i vår eigen kommune, eller om denne Tittelsneshalvøya me bur på skal bli eit provins under Haugesund. For slik ståa er, så er nok diverre ein samanslåing med Haugesund det mest nærliggjande. Årsaka er sterke politiske og ikkje minst udemokratiske krefter som «vil ha tak i» Sveio i nabokommunen vår i sør.

Kva blir så fylgjene av ein nedlegging av Sveio som eigen kommune, og underlagt Haugesund?

Kommuneadministrasjonen vår forsvinn over natta. Det er heilt klart. Haugesund har ein stor og rimeleg godt organisert kommuneorganisasjon som utan problem vil kunne overta samtlege av dei oppgåver som i dag blir utført på kommunehuset i Sveio. Haugesund har i dei seinare år flytta teknisk etat til Årabrot. Godt tilrettelagt for å ta på seg tekniske oppgåver nord for kommune og fylkesgrensa på Søravåge.

DEBATTEN 2015: Debatt om kommunesammenslåing av kommuner. Her er politikerne møtt for å argumenten med fordelen og ulemben med forslaget. Foto: Daniel DeNiazi / Sveiobladet.net

Dei lokale politiske organa og dei politiske partia vart nedlagde. Sveibuen mistar med eitt kontakten med lokale folkevalde. I ein storkommune må Sveio sine lokalpolitikarar kjempa med heilt andre om plass i eit nytt bystyre. Folketal og kjøttvekta avgjer utfallet av val. Me sveibuar vil sitja ganske så ribba attende og tenkja på kva var det som skjedde?

Ein av hovedgrunnane til kommunesamanslåing er å gjera dei nye kommunane mogaleg større og meir attraktive for konkurranseutsetjing og privatisering av våre felles velferdstenester. Private profitørar står klar og ventar utolmodig på at privatiserings og sentraliseringsreforma no blir vidareført etter Stortingsvalet, slik at dei får iverksetta planane.

Den andre hovedgrunnen til å slå saman kommunar, er å henta ut «synergieffektar». Det vil seia å spare pengar ved å seia opp overtallige i kommunane som er råka av denne sentraliseringa. Det er naivt å tru at alle dei kommune og statstilsette i Sveio fortsatt vil behalda jobbane etter ei samanslåinga. Det er nok arbeidsløysa. Me treng ikkje konstruera fleire ledige. Dette er ikkje noko som kjem fram i debattane og som «reformantane» teiar stille om.

Dersom sveibuen vel å røysta fram ei fortsatt borgarleg regjering, så vil denne prosessen som nemnt skyta ny fart. Eldre og uføre hjelpetrengande i kommunane vil etter kvart bli innskrevne i dei eksisterande ventelistene som finnes i nabokommunen vår og etter ei tid omfordelt til der det er plass. Omsorgspleiande sveibuar kan enda sine dagar på 2-manns rom saman med framande på ein heilt annan stad på Haugalandet. Det er sikkert ikkje så gildt for den einskilde. Men då er det for seint å angra.

Pressefoto: Torbjørn Tandberg/ KMD /regjeringen.no

Jan Tore Sanner kallar dette for å gjera kommunane meir robuste. Det han i røynda seier er at velferdsprofitørane skal bli meir robuste, på kostnad av det fellesskap og den samkjeldsle i det Noreg som er møysommeleg bygd opp stein for stein i etterkrigstida.

Ein anna sak er at regionsreforma på lang veg er avslutta. Iallfall for Vestlandet sitt vedkommande. Hordaland og Sogn og Fjordane er alt einige om å slå seg saman til eit stort Vestlandsfylke med namnet Vestlandet. Sveio som eiget herad er ein del av Sunnhordland og såleis ein del av det nye Vestlands fylke.

Rogaland valde å stå utanfor denne nye regionen. Blir Sveio etter Stortingsvalet underlagt Haugesund eventuelt saman med andre herad på sørsida av fylkesgrensa, så blir Sveibuen ikkje lenger Vestlendingar. Men Rogalendingar.

På valdagen 11 september skal me røysta på dei politiske partia. Denne gång er ei røyst på dei borgarlege partia sameleis ei røyst for å vidareføra og forsterka arbeidet med massiv nedlegging av mindre og mellomstore kommunar i fedrelandet vårt. Tenk vel over det før du går inn døra til røystelokalet, og vel røysteseddel.Ei røyst til Senterpartiet er ei røst mot tvangssamanslåing / nedlegging av kommunar.

Godt val, sambygdingar.

Forlate me Vestlandet?

Mest lest

Sveiobladet - Kun på nett!

Følg Sveiobladet

Ansvarlig Redaktør

Daniel DeNiazi | redaksjonen@sveiobladet.net

Markedsansvarlig

Myriam Vlot | annonse@sveiobladet.net

Webmaster

Kjetil A. Haaheim | Haaheim Dynamic

Copyright © 2016 SveioBladet | Designet er tilrettelagt av Haaheim Dynamic

Til toppen