Kjendis

Han er vinnaren av årets beste skodespelar i Italia

Foto: Oniros FIlm Awars / Italy

Enrique Ekrene (11) frå Sveio stakk av med prisen i kategorien som beste barneskodespelar under filmfestivalen Oniros i Italia.

SVEIO: – Enrique er ein dyktig skodespelar og har eit talent som er heilt ubeskrivelig. Filmfestivalens begrunnelse for at Enrque er vinner av denne prisen er at han klarar å leva seg inn i rolla. Det er slike skodespelarar som Enrique me ønskjer å gi prisen til, seier ein talsperson ved Oniros til Sveiobladet om rolla til sveibuen i filmen Run Faster.

I følgje filmfestivalen er ikkje Enrique berre ein vinnar av ein pris i Italia, men ein vinnar som beste barneskodespelar i europa.

Overfor Sveiobladet seier Enrique at det er kjekt å kunna motta ein slik pris om beste skodespelar.

– Eg kosa meg veldig mykje på sett når eg er saman med far min på jobb, seier Ekrene.

Enrique (11) er for mange eit kjend ansikt. Her under ein innsepeling. Foto: Danieel DeNiazi

Korleis er det å vinna ein pris som beste barneskodespelar?

–  Det er veldig spesielt, men også veldig kjekt at eg har vunnet ein pris på det eg har gjort i filmen. Eg har lært mykje og prøvar å bli betre neste gong eg er på sett.

Korleis er det å ha ein far som lager filmar?

– Når eg forsto at pappa kjem til å fortsetja med dette synes eg at det var ganske kult. Eg synes at det er kjekt å spela i filmar fordi eg blir kjent med nye folk.

11-åringen er ein skodespelar som har fått mykje god krtikk sidan filmen Run Faster blei kjend i internasjonalt. Den unge skodespelaren er også godt kjend internasjsonalt, til og med i Russland har han fått ein del merksamd. I det sista har han fått mykje merksamd i Italia etter at Run Faster vant to priser. Cato ML Ekrene vant prisen som beste hovedprodusent og sønnen som beste barneskodespelar.

Pappa Cato og Enrique under filmfestivalen i Haugesund. Foto: Ante Andersen

Pappa Cato ML Ekrene som er internasjonal prisvinnar i Hollywood og i fleire filmfestivaler i europa, er stolt over at sønnen nå har fått ein pris.

– Enrique er ein talentfull skodespelar som har ein høg potensial innan for rollespel. Han er ein person som likar å showa foran familien, spesielt når det bursdagsselskaper. Me i familien er veldig stolte av guten vår, seier pappa Cato til Sveiobladet:

– Eg ville satsa på ham fordi eg visste at han kjem til å bli ein god skodespelar. Eg kunne ha satsa på ein anna i hans alder, men at Enrique vant ein pris som beste skodespelar viser at eg hadde rett at han er ein god skodespelar, seier Cato Ekrene.

Far og sønn under innspeling av Run Faster. Foto: Manuel Film

Han meiner at prisane forteljer det meste om kunnskapen om korleis ein skal håndtera ein filmproduksjon.

– Det kjem tydelig fram at eg veit kva eg holder på med nå som eg har vunnet og blitt nominert i dei største posisjonane i ein produksjon som filmfotograf, regi, manus for å nevna noko. Å produsera ein god film handlar ikkje berre å trykkja på REC-knappen. Det handlar om å ha eit godt team rundt seg, og ha eit godt lagspel med dei du lagar filmen med. Ein god lagspel fører ofta til gode filmar og deretter suksess for det ein driv med, rådar Ekrene.

 

 

Han er vinnaren av årets beste skodespelar i Italia

Mest Lese

Sveiobladet - Kun på nett!

Følg Sveiobladet

Ansvarlig Redaktør

Daniel DeNiazi | redaksjonen@sveiobladet.net

Markedsansvarlig

Myriam Vlot | annonse@sveiobladet.net

Webmaster

Kjetil A. Haaheim | Haaheim Dynamic

Copyright © 2016 SveioBladet | Designet er tilrettelagt av Haaheim Dynamic

To Top