Sveibu

Kulturprisen 2017 tildeles Lilly Konstanse Helland

Foto: Privat

Hovudutval oppvekst og kultur har tildelt Sveio kommune sin kulturpris 2017 til Lilly K.Krossgått Helland.Vedtaket vart gjort i møtet 16.oktober.

PRESSEMELDING: Utdeling av prisen vil gå føre seg i samband med julekonserten i Sveio kyrkje 10.desember kl 19. Lilly er det ein kan kalle ei eldsjel. Ho er spesielt oppteken av born og unge.

Lilly synes det er viktig at dei får med seg gode minner.

Etter at skulen på Lid vart lagt ned og blitt grendahus, har ho tatt på seg eit ansvar for å halda krinsen levande. I denne jobben inngår det meste. Full oversikt over utleie, vask av huset, vask av mopper og utstyr, renovasjon. Mange småting som andre ikke tenker på tar Lilly seg av.

Komitear til 17. mai-feiringar er ho med å drar i gong, og gjer ein stor jobb sjølv også.På arbeidsstova får barn frå krinsen mellom 1.—7. klasse treffast og gjera handarbeid av ulike slag i lag, eit populært tilbod.

Her har ho med seg fleire gode støttespelarar. Det er ikkje mogleg å nemna alt som Lilly har hatt ein finger med i spelet, men ho var sentral då Lid skule gjorde det godt i den nasjonale «Telysjakten», og vann i 2013-2014.Ballbingen som kom på skuleplassen i 2010 var ho ein pådrivar for.

Ho står på seint og tidleg for forskjellige lag og organisasjonar, anten det er loddsal eller anna dugnadsarbeid.Lilly gjer ein stor innsats for Sveio skulekorps, der inntil nyleg alle hennar tre born var musikantar.

Sveiomarknaden 2017 er nettopp ferdig, i korpset er dei ikkje så mange familiar som kan hjelpa til, men dei er heldige som har Lilly. Ho gjer meir enn mange veit om.

Følg Sveiobladet for flere nyheter!

 

Kulturprisen 2017 tildeles Lilly Konstanse Helland

Mest lest

Sveiobladet - Kun på nett!

Følg Sveiobladet

Ansvarlig Redaktør

Daniel DeNiazi | redaksjonen@sveiobladet.net

Markedsansvarlig

Myriam Vlot | annonse@sveiobladet.net

Webmaster

Kjetil A. Haaheim | Haaheim Dynamic

Copyright © 2016 SveioBladet | Designet er tilrettelagt av Haaheim Dynamic

Til toppen