Pressemelding

SIM har signert ein viktig kontrakt

f.v. Dagleg leiar i SIM, Terje Gilje og dagleg leiar i NordRen, Svein Sørensen. Pressefoto: SIM

Tysdag 4.juli var ein merkedag for SIM, då det vart inngått avtale med NordRen AS om innsamling av hushaldsavfallet for innbyggjarane i Sunnhordland.

PRESSEMELDING: Kontrakten har ein verdi på om lag 20 millionar kroner årleg, og har ein varighet på seks år, med høve til forlenging i 1+1+1 år.

-Me er svært nøgde med avtalen me no inngår og selskapet som skal hente hushaldsavfallet hjå innbyggjarane i SIM-området dei neste seks åra, seier daglegleiar i SIM, Terje Gilje.

Dagleg leiar i NordRen AS, Svein Sørensen, påpeikar at dei ser fram til å starte oppavtalen med SIM.

-Dette er den fyrste kontrakten vår på Vestlandet, ogfor oss er dette ein viktig kontraktsommeskal gjere vårt beste for å gjennomførepå ein god måte, seier Sørensen.

 

Fire tilbydera

SIM lyste ut konkurranse for henting av hushaldsavfallet i mars, og fekk inn fire tilbod til konkurransen.

Selskapet som vann har lang erfaring frå renovasjonsbransjen og har hushaldsrenovasjon som sitt hovudvirke, NordRen AS er lokalisert i Sørum, i Akershus, og har liknande oppdrag for Rygge, Vestby, Våler og Nes kommunar.

I tillegg skal dei starteopp kontraktar i FolloRen IKS og Agder.

 

Vil bli endring

Avtalen som no er inngått gjer det mogeleg for SIM å endre innsamlingsordninga for innbyggjarane. Frå april 2018 vil alle få tilbod om henting av restavfallet to gonger imånaden, I tillegg til henting av plastemballasje.

– Årsaka til at me ikkje har innført dette tidlegare er at det ville medført for store kostnadar sett opp mot gevinsten. Difor var det naturleg å vente til ny kontrakt skulle lysast ut, seier Gilje.

Mest Lese

Sveiobladet - Kun på nett!

Følg Sveiobladet

Ansvarlig Redaktør

Daniel DeNiazi | redaksjonen@sveiobladet.net

Markedsansvarlig

Myriam Vlot | annonse@sveiobladet.net

Webmaster

Kjetil A. Haaheim | Haaheim Dynamic

Copyright © 2016 SveioBladet | Designet er tilrettelagt av Haaheim Dynamic

To Top