Kronikk

Snu kvar ein stein sa du, Arbeiderpartiet?

Foto: Børge Sandnes

Tekst: Kenneth Karlsen, Gruppeleder i Etne Frp.

Mellom vakre fjell inst i Åkrafjorden på vakre Rullestad, hadde me siste kommunestyremøte på Halvfjordingen før sommarferien. Her kunne ein skoda at AP ridde sine ideologiske kjepphestar, og høyra nok ein gong at det var vanskeleg å finna tiltak for å betra kommuneøkonomien. «Me har snudd alle steinane» eller «Me føler me snur same steinen», er vanlege utspel som kjem frå talarstolen når me snakkar om økonomien til Etne kommune. Likevel gjorde me eit vedtak, noko som mellom anna innebar at dei midlane som skulle ha gått til musikkråd, idrettsråd, lag og organisasjonar og frivilligheitssentralen på 200 000 kroner, vart fjerna frå budsjettet.

Etne Framstegsparti har fleire gongar fremma forslag, om å utgreia innsparingspotensialet ved konkurranseutsetting på nokre av dei kommunale tenestene. Me kan ikkje berra kutta i tilboda! Men gong på gong har me stått åleine om å villa snu på dessa steinane. Det var derfor svært gledeleg å sjå utfallet når me utfordra Høgre og Senterpartiet på å bli med på forslaget vårt. Høgre røysta saman med oss! Senterpartiet røysta i mot, men la samstundes til at dei ville vurdera det. Dette ynskjer me velkommen. Skal me først sei til innbyggjarane, at me har snudd på alle steinane, så må me faktisk ha gjort det! Eg håper at me, om ikkje så alt for lenge, skal klara å samla eit breitt politisk fleirtal av dei som ikkje rir på sine ideologiske kjepphestar.

Sjølvsagt kan ein vera ueinig, til ein blir blå eller raud. Er det noko å spara ved konkurranseutsetjing? Kanskje er det ikkje noko å henta? Men har me RÅD til å ikkje sjå på det? Skal me ikkje snu kvar ein stein?

Konkurranseutsetting leie ofte til effektivisering. Ikkje fordi folk spring fortare, eller får mindre lønn eller pensjon, men fordi innovasjon og utvikling har gjort det betre. NHO Service har laga ein «Moglegheitsstudie» for Etne kommune. Tala er ikkje kvalitetssikra, men det kjem fram at ein antek at det kan sparast 1,1 million kroner på å setta t.d. reinhald på anbod. Dei meiner også at me kan spara totalt 17 millionar ved å innføra «beste praksis» i kommunen.

Når budsjetta som blir vedteke i kommunestyre ligg mellom 15 000 – 3 000 000 kroner i botnlinja, så er innsparingspotensiale som NHO Service presentere noko me som ansvarlege folkevalde ikkje har råd til å sjå vekk ifrå. Steinen må snuast!

God sommar!

 

Mest lest

Sveiobladet - Kun på nett!

Følg Sveiobladet

Ansvarlig Redaktør

Daniel DeNiazi | redaksjonen@sveiobladet.net

Markedsansvarlig

Myriam Vlot | annonse@sveiobladet.net

Webmaster

Kjetil A. Haaheim | Haaheim Dynamic

Copyright © 2016 SveioBladet | Designet er tilrettelagt av Haaheim Dynamic

Til toppen